Samarbeid

Våre leverandørar /samarbeidspartnarar kjenner Norge godt, og leverer frukttre og utstyr eigna for fruktdyrking i vårt klima.

HOVUDSAMARBEIDS PARTNAR:

Fleuren Planteskule

Hovud samarbeids partnar sidan 2006. Familieeigd planteskule som feirar 100 års jubileum i år, produserar årleg ca 1,8 mill frukttre av ypperste kvalitet, der 60% er epletre, 25% morelltre, 8% pæretre og 7% plommetre.

Kjende for innovasjon, utvikling av knipetre og pæregrunnstamma Kvede Eline er berre 2 døme. Stort internasjonalt nettverk som me kan nyta godt av. Kjenner
Norge godt, og er kvart år på besøk.
Du kan forresten lasta ned verdas einaste morell app på telefonen din….
www.fleuren.net.

UNDERLEVERANDØRAR / KONTAKTAR:

Johan Nicolai planteskule

Leverandør av Rubinstep og nye Zouk sortar.

Sjå sortar hjå oss

Botden&van Willegen planteskule, leverandør av Rosette og Discovery NFT. Godt kontaktnett i England og Frankrike. Sjå sortar hjå oss

Vester Skovgård, dansk planteskule med
svært breitt sortement og godt kontaktnett. Sjå sortar hjå oss

Fruture, sveitsisk selskap som utviklar og
sel nye eplesortar med breitt resistens nivå.
Tilgang via Fleuren. Sjå sortar hjå oss

Fresh Forward, selskap med utspring i Wageningen universitet som utviklar og marknads- fører mellom anna nye eplesortar. Tilgang via Fleuren.

Sjå sortar hjå oss

Stilmer, produsent av stålrøyr
til oppstøtting av frukttre. Les meir her

Wolky Tolky, produsent av skybasert verstasjon. Alle data tilgjengeleg på mobilen

Les meir her