Description
Opphav – krysning av:
Gamal engelsk sort av ukjent opphav. Skal ha vorte funne i ein hage i Sussex i følgje nokon kjelder.
Dyrkar (kven har laga sorten):
Omtala frå 1840-åra. Fekk namn etter dronning Victoria.
Vekst:
Sterk vekst i unge tre, men veksten avtek raskt. Lange slengete, hengjande greiner.
Bløming, kva tid, korleis, frostvar:
Tidleg-middels tidleg bløming, god pollenkvalitet.
Krysningsortar:
Sjølvfertil
Produktivitet (mykje lite osv):
Høge avlingar. Krev mykje tynning.
Form, størrelse, farge:
Ovale store plommer. Gul grunnfarge med fiolettraud dekkfarge, som kan dekka det meste av overflata.
Hausting: Kva tid, sesong:
September
Oppbevaring haldbarheit:
–
Kvalitet, smak, saftigheit:
Bleikt gult, middels fast litt grovt fruktkjøt. Aromatisk og god smak, som kan vera noko syrleg. God smakskvalitet på velutvikla plommer.